Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Alt klart for årsmøte og fagsamling på Gol 10. og 11. mars

19. jan 2018

 Programmet er no klart for fagsamlinga 2018. Vi veit at det er dårleg fatt med seterdrifta i Noreg. Berre 1 % av setrene er i drift, og desse leggast ned i takt med avvikling og modernisering.  På samlinga vil sjå nærmare på seterdrifta med utfordringar og moglegheiter. 

Mange seterbrukarar har oppleve å bli kalla bakstreverske. Utsegnet kjem ofte frå deler av bransjen som har klokketru på volum og moderne teknologi. Men slik er det ikkje for alle, i alle høve ikkje for ein kvar pris. Mange seterbrukarar opplev stølsdrifta som framtidsretta. Kven er dei siste «mohikanarane» i landbruket, og kvifor held dei fram?  Dette er spørsmål og faktorar som Norsk seterkultur tek opp på fagsamlinga på Gol den 10. Mars.

Situasjonsbilete

- Om vi ikkje får løyst «mysteriet seterbrukaren», vil vi freiste å lage eit situasjonsbilete, smiler leiar av  Norsk seterkultur og geitebonde Hans Bondal.

- Tala syner bruk som mottek setertilskot for mjølkeproduksjon, ikkje beitedyr som nytter stølsbeitene. Mange har beitedyr utan mjølkeproduksjon. Og tek vi med desse så er det ikkje fullt så ille. Uansett, areala gror att dei fleste stader, og driftsforma er utrydningstruga. No må vi tenkje strategi, seier Bondal  

Fritt fall?

Kari Stensgård frå NIBIO har skrevet rapporten ”Hvordan står det egentlig til på setra” og beskriv seterdrifta som i fritt fall.  Etter mange stølsbesøk og mykje dokumentasjon dreg ho opp eit dramatisk bilete av situasjonen. Ho har sett på politisk og sosiale faktorar som er avgjerande for at folk held fram med stølsdrift.

- Det er ikkje seterbrukarane som er bakstreverske, seier Bondal, det heller ein stivbeint og einsretta landbrukspolitikk som er hovudutfordringa. Mange år med einsretting på volum er ikkje akkurat framtidsretta når vi ser på topologien og mangfaldet i Noreg. Låge mjølkepriser og auka driftskostnader er ein tøff match for ein fjellbonde som må leige tre gardar for å få endene til å møtast. Dette er eit paradoks når vi samstundes ser at både lokal mat, ressursbruk og dyrevelferd får stadig meir merksemd i marknaden. Her er det nokon som ikkje ser si vitjingstid, seier Bondal.

Påmeldingsfristen var 1. februar, men det er framleis ledige plasser!

Last ned Brosjyre fagsamling seterkultur 18 og Påmelding fagseminar og årsmøte Norsk seterkultur

For spørsmål: Kontakt 99009584 /  ks@valdres.no

cross