Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Valdres får Stølsruta som historisk vandrerute

29. jan 2018
Foto: Svein Erik Ski

Frå uminnelige tider har folk ferdast i fjell og dal frå fjord til fjell. Mange av stigane er framleis bruk utan at vi kjenner det eigentlege opphavet. Riksantikvaren og DNT etablerte i 2012 eit samarbeid om å tilrettelegge historiske vanderuter. I 2018 er det opna for ti nye ruter. No er det Stølsruta i Valdres sin tur til å vere med! Tiltaket er støtta av Sparebanstiftelsen DNB.

-Sju ruter med ulike tema lagt til rette, og når det no er opna for ti nye ruter meiner vi at stølsdrift er eit rett tema, seier Ina Syversen frå VNK og Valdres Friluftsråd/Valdres Natur- og Kulturpark. - Andre ruter har tema som Flykningeruta, Finnskogrunden, Brudleruta, Telegrafruta, Jacobinerruta med meir. Når det no var ynskje om ei stølsrute var Valdres eit naturleg val. Sidan stølsvidda i Nord-Aurdal og Vestre Slidre no vert definert som nasjonalt verdifult kulturlandskap var det naturleg å legge ruta hit, seier Ina.

I Nord-Aurdal har allereie stølaga skilta rute over vidda.

Den DNT-merka stigen går frå Tisleia i Nord-Aurdal til Kvamskleiva og Sørre Hesming i Vang. Sørre Hemsing har lenge hatt DNT-avtale. Overnattingsbedriftene Hovda, Merket, Nøsen og Syndisstøga ynskjer å kople seg på DNT-nettet. I tillegg vil det vere tilbod om overnatting på Tyrisholt, Matkista og Fikja.

Trond Vatn, nesteleiar i DNT Valdres, er svært fornøyd med at Stølsruta vert tilrettelagt som eit DNT-tilbod.

–Frå Sørre Hemsing går ruta vidare til Tomashelleren og vandrenettverket i Jotunheimen. Då manglar det berre stubben frå Fønhuskoia til Tisleia for at vi har samanhengande DNT-nett i gjennom heile Valdres. Dette er eit av dei langsiktige måla for DNT Valdres, seier Trond Vatn, DNT Valdres som også er prosjekteigar.

Ina Syversen fortel at det er halde møter med involverte stølslag i Vang og Vestre Slidre.

-I kveld skal stølslaga i Nord-Aurdal kome med sine tilbakemeldingar, og so vil vi følgje opp med eit ope annonsert møte 7. februar i Fagernes.  

- Til skilnad frå dei andre historiske rutene er dette ei rute der historia er levande, og det vert difor både meir spanande og meir utfordrande. Dei færraste utanom landbruket har kunnskap om stølsdrift, om korleis kulturlandskapet er forma kva for omsyn vi må ta der det er dyr på beite. Samstundes set dei aller fleste pris på å lære meir og take omsyn på beitedyra sine premissar. God informasjon og førehandskunnskap er derfor avgjerande- meiner Ina.

Mykje av arbeidet er å kartlegge område som er sårbare og krev ekstra omsyn og informasjon i høve til husdyr og anna dyreliv. Dei ynskjer også finne fram til dei lokale historiene og bedrifter eller enkeltpersoner som har noko å bidra med undervegs. Tekst og ruter skal leggjast ut på UT.no, Outtt.com og Riksantikvaren sine sider.

Det er utarbeida ei prosjektplan her. For meir informasjon om historiske valdreruter: http://historiskevandreruter.no/

7. februar vert det halde ope møte for å få fleire innspel på korleis vi kan få det beste ut av denne moglegheita.

 

 

 

 

Kart over ruta gjennom Valdres

cross