Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Arbeid i gang for å få stølsdrifta med på UNESCO si verdsarvliste

10. jan 2019

Norsk seterkultur arbeider vidare med å få stølsdrifta inn på Unesco si verdsarvliste. Sidan 2003 har FN-organisasjonen opna for at også immateriell kulturarv kan få Unesco-status.

Styret i Norsk seterkultur arbeider no vidare med dette. Kontakt med faglaga og andre i landbruket har gitt positive svar, og ein set no i gang med eit forstudium som bl.a. skal sjå på kva ein vil, kva ein vil leggje særleg vekt på, geografisk avgrensing (Noreg, Norden?) – og val av samarbeidspartnarar. Neste steg er ei prosjektskisse og å søkje om midlar til eit forprosjekt. I dette ligg det inne m.a. ein presentasjons-video, også i omsett form og med innhald som samsvarar med dei aktuelle FN-konvensjonane. Når søknaden er klar går den til Kulturrådet, og om den blir godkjent, sender dei den til Kulturdepartementet. I neste omgang er det nasjonalstaten som nominerer, frå da skjer kommunikasjonen mellom departementet og Unesco. Fleire har teke til orde for at Unesco-status vil gi eit løft og ei forplikting som kan sikre stølsdrifta for framtida. - Søknadsprosessen er omfattande, men styret i Norsk seterkultur ser det som rett og viktig å gå laus på dette arbeid. Arbeidet med forprosjekt og søknad krev ressursar og samarbeidspartnarar, og ein arbeider no med aktuell finansiering og å få etablert forpliktande samarbeid. Det er teke kontakt med den svenske fäbodforeninga for å avklåre om ein skal gå for eit nordisk utgangspunkt. - Norsk seterkultur vil stå som prosjekteigar ogt prosjektleiing blir lagt til Valdres Natur- og Kulturpark. I prosjekt-/styringsgruppa ynskjer ein å ha med t.d. Norsk handverksinstitutt, faglaga i landbruket og Norges Bygdekvinnelag, og i arbeidsgruppa tenkjer ein seg styret i NSK og dei som utfører sekretariatsfunksjonar i organisasjonen. Vidare er det tenkt ei breitt samansett referansegruppe, som bl.a. kan bistå med info, presentasjonar og nasjonale/internasjonale kontaktar. Sjå meir om stølsdrifta og immateriell kulturarv hjå Kulturrådet: https://www.immateriellkulturarv.no/bidrag/setring-i-noreg/

cross