Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Jubileumssamling for Norsk seterkultur

4. feb 2019

Norsk seterkultur har dei seinare åra hatt ei fagsamling saman med årsmøtet. I år blir dette eit 20-årsjubileum med besøk på stølsysteri, film og biletutstilling, omvising på skulen, paneldebatt og ikkje minst festmiddag og utdeling av seterprisen.

Arbeidet med etableringa starta med eit forprosjekt i 1991. Statens Landbruksbank gjekk så inn med støtte til eit toårig prosjekt for endeleg etablering i 1999. Arbeidet starta på Vestlandet, så det passar bra å feire 20-årskjubileet i Sogn saman med eit av dei mest aktive setermiljøa i Noreg, seier grunnleggar Jostein Sande. Sjølve skipinga skjedde på Klones landbruksskule i Vågå som no er nedlagt.

Då vi starta arbeidet var det fleire støler i drift, men allereie då var nedlegging eit faktum. Samstundes var det fleire stølar som ville starte småskala foredling på tradisjon grunnlag. I ettertid ser vi at stølsdrifta har vært særs viktig spydpiss for lokal foredling av ost.
Etableringa av Norsk seterkultur var på høg tid. Mange stølsbrukarar har gått på Sogn Jord- og Hagebrukskule, og dette er ein av dei få som har stølsdrift i fagplanen. Det er derfor ei glede å samarbeide med skulen om dette arrangementet, avsluttar Sande.

Påmelding innen 25.2 til kasserer Svein Løken, e-post: sv.loken@gmail.com, sms/tlf 90042883, post; Vestsidevegen 6, 2636 Øyer.

Last ned påmeldingskjema og program

Skriv inn namn, e-post adresse, tlf. nr. og postadresse. Gi beskjed om du kjem fredag eller lørdag og om dykk vil dele rom og om det allergier el. l. som må takast omsyn til.

For meir informasjon om opplegg og program, kontakt ks@valdres.no eller nilss-dr@online.no

cross