Herdalsetra
Fra Herdalsetra

På høg tid å feire oss sjølv!

19. feb 2019
Stolt som en hane. Foto: Alfred Nilsen

Då organisasjonen Norsk seterkultur starta i 1999 var motivasjonen naudsynt idealisme. Vi har ikkje tal på kor mange gratis arbeidstimer som er lagt ned i organisasjonen, men det er ikkje få! No er det på høg tid å feire oss sjølv og det vi har lagt ned av timer og engasjement!

Ein frivillig organisasjon er heilt avhengig av god kultur og engasjement for å fungere. Med få ressursar, men mykje engasjement har vi utført mange viktige oppgåver for landbruket – og Noreg. Med vår kompetanse har vi  bidrege med faglege innspel i råd og utval, halde kurs og samarbeida og forskingsprosjekt. Norsk seterkultur har i mange samanhengar representert Noreg på internasjonalt der utvikling av fjellområda har vore tema. I 2018 vart vi også invitert til å gje innspel til ein global strategi for fjell-landbruket i regi av FAO.

Vi har i desse åra ei viktig rolle, og dette blir ikkje mindre viktig i framtida. No er det på høg tid å gjøre stas oss sjølv og våre samarbeidspartnarar, seier grunnleggar og redaktør Jostein Sande. Vårt 20-årsjubileum i Aurland den 6. april er eit godt høve til å ta vare på kvarandre og våre samarbeidspartnarar.

Programmet er no på plass, og med Aurland, Flåm og Undredal stølsysteri som ramme ligger det godt til rette for å bli eit minnerikt jubileum. Mange av våre samarbeidsparter har meldt sin åtkomst. Vi har også invitert politikarar og fylkesmenn, og håper dei også set av tid til denne jubileumsdagen.

Vi vil gjerne at du kjem og i lag med oss. Medlemmar får eigen rabatt. Det er framleis ledige plassar, meld deg på!

Hugs påmelding innan 25.februar!

Last ned og fyll ut påmeldingssjema og send det til til Svein Løken, e-post: sv.loken@gmail.com, sms/tlf 900 42 883, post;  Vestsidevegen 6, 2636 Øyer.

Priser og program kan du laste ned her:

For meir informasjon om opplegg og program, kontakt ks@valdres.no eller nilss-dr@online.no

cross