Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Norsk seterkultur på landbruksmesse i Paris!

9. mar 2012

I veka 25.03 – 05.03.2012 var det europeisk landbruksmesse i Paris. Fleire hundre kvadratmeter fordelt på fleire hallar midt i den franske hovudstaden var fylt med kyr, gris, sau, geit og hest, og loka matkultur frå dei fleste europeiske land. Ein av dagane var sett av til ein konferanse om beitebruk og stølsdrift, der alle Europeiske land med stølsdrift var invitert. Tittelen på konferansen var «Pastoralismes d`Europe: rendez-vous avec la modernitè!». Det betyr noko som «Beitebruk i Europa – stevnemøte med det moderne.

Frå reiselivsstanden. Her går reiseliv og landbruk hand i hand

 

 

 

 

 

 

 

 

Frankrike synte eit mangfald av husdyrraser, der mange av dei også er utrydningstruga. Dyreslaga er lokalisert til geografiske område, og ofte er dei spesifikke ost- eller kjøtprodukta kopla direkte til eit dyreslag. Særleg inspirerande var den nære koplinga mellom matkultur, genetisk og biologisk mangfald og reiseliv, seier Katharina Sparstad frå Norsk seterkultur.

Frå landbruksmessa i Paris. Den franske teksten på standen tyder noko som: «Biodiversitet – jordas heilagdom»

Det var eit sterkt fokus på terroar, biologisk mangfald og miljøvenleg matproduksjon, og heile arrangementet bar preg av stolthet over lokal matkultur og tradisjon, og det var vel ikkje heilt tilfeldig at denne messa vart lagt midt i hjartet av hovudstaden.

Ein av dagane var det konferanse med tema stølsdrift. Dette var i samband med at Frankrike feirar 40 årsdagen til ei eigen beitelov for å ta vare på utmarksbeiting. Kan hende er det takket vere denne at kollegaene i sør framleis har så rike stølstradisjonar å vere stolte av.  I Frankrike beiter 50% av sauene og 40% av kyrne på utmarskbeiter. I samband med denne konferansen var også dei nordiske landa invitert til å fortelje om situasjonen for støldrifta i eige land. Frå Noreg drog leiar for Norsk seterkultur, Katharina Sparstad, og Hanne Sickel frå bioforsk Løken. Dei hadde i oppdrag å fortelje om stølsdrift i Noreg. Reise og opphald vart dekka av det franske landbruksdepartementet, og sjølve konferansen vart halde i Nasjonalforsamlinga.

Nord-Europeisk gruppe. Nr 2 og 3 frå venstre er Katharina Sparstad, Norsk seterkultur og Hanne Sickel frå Bioforsk Aust, Løken. Vidare til høgre sit representantane frå Skottland og Sverige. Konferansen foregjekk i den franske nasjonalforsamlinga

Vi var heldige som fekk oppleve dette, seier leiar av Norsk seterkultur som også orienterte om Valdres Natur- og Kulturpark, Noregs fyrste regionalpark. Frankrike har jobba fram mange viktige tiltak for fjelllandbruket. Dei har blant anna etablert 52 regionalparkar – og nokre var representert på konferansen. Dei franske bøndene er som her i Noreg opptekne av lønnsemd og tilskotsordningar. Dei franske stølsbrukarane var også tydeleg opptatt av kor viktig dette var for å ta vare på natur- og kulturverdiane i fjellområda. Ein region fortalde at dei no er kome på UNESCOS verdsarvliste for immateriell kulturarv.

Mange var også opptatt av kompetanse, og i Frankrike er det mellom anna eit ege 2-årig studie for å bli gjetar som inneheld alt frå kunnskap og dyr, beitevaner og beitekvalitet og biologisk mangfald..

Utfordringane er på mange måtar dei same som i Noreg, fjellbygdene tapar i industrialiseringa av landbruket. Men i Frankrike har take utfordringa på alvor for mange år sidan, og greidd å snu ei negativ utvikling til vekst i fleire marginale landbruksområde, mellom anna med beitelova som kom allereie for 40 år sidan. EU arbeidar nå med ei ny «Common agriculturak policy», ein ny landbrukspolitikk, i 2013, og mange er opptatt av korleis fjellandbruket vert vektlagt i framtida.

Det er veldig aktuelt for oss i Norge å søke samarbeid med regioner og organisasjonar med samanfallande utfordringar både i Frankrike og andre land i Europa, seier Sparstad. Sjølv om vi ikkje er med i EU, kan vi lære av kvarandre og sjå på korleis dei ulike politiske løysingar og regelverk fungerer.  Noreg praktiserer i dag mange EU direktiv for landbruk og mat, så det er klart at landbrukspolitikken i EU påverkar oss i Noreg også.

Franskmenna er kanskje flinkare enn oss til å vere stolte av eigen kultur, og dette gjer landbruket ein høg status i befolkninga. Det er sjølvsagt ingen garanti, men gjev breiare forankring i det politiske system i Frankrike og Europa når ein skal forhandle om framtidig landbrukspolitikk i EU.

cross