Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Søkjer kandidatar til seterprisen 2021

9. des 2020
Frå utdelinga av seterprisen til Budeienettverket i Hallingdal i 2018

Seterprisen er ei god oppmuntring til seterbrukarar som har stått på for å fremje seterkulturen. Som vanleg skal prisen delast ut i samband med fagsamling og årsmøte som i år skal være 25.-28. februar i Bø i Telemark (med atterhald om avlysing). Formålet med prisen er at den skal vera ei påskjønning til eldsjeler som har gjort ein stor innsats for å setja seterdrifta i fokus. Prisen vil dermed vera med å skape blest på ein positiv måte, og bidra til å sikre eksistens og vidareutvikling av seterdrifta.

Kriteriar

Seterprisen skal delast ut årleg til ein eller fleire personar som har gjort ein ekstraordinær innsats for seterdrifta i Norge. Innsatsen kan vera innan:

  • Tradisjonell seterdrift
  • Mjølkeforedling på setra
  • Utvikling av ny næringsverksemd tufta på seterdrifta,
  • Forskning og publisering av vitskapleg materiale
  • Formidling av stølskulturen.

Utlysing og forslag på kandidater

Prisen blir lyst ut i Seterbrukaren sitt desembernummer, på nettet og gjennom aviser og andre medier. Ein jury på tre, med representantar frå Norsk seterkultur, Norges Bygdekvinnelag og Tine, avgjer kven som får prisen. Frist for innsending av forslag på kandidater til Seterprisen 2021 er 1. februar og kan sendast til sivbeate@me.com eller seter@seterkultur.no 

cross