Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Arbeidet for meir setring er ikkje nostalgisk vrangførestilling, men ei framtidsretta realitetsorientering

1. mar 2022

I desse dagane er Norsk Seterkultur og andre interesseorganisasjonar invitert inn til faglaga for å høyre ulike innspel til jordbruksforhandlingane. Meldinga frå Norsk Seterkultur er klar: Buskapen skal til fjells og nytte ressursane i utmark. På den vesle innmarka vi har i Norge må vi dyrke menneskemat og vinterfôr.

Foto: Bolette Bele, NIBIO

Som overskrifta antyder får seterdrift rett som det er merkelappen «romantikk» og «nostalgi», ikkje «fullverdig» landbruk. Kanskje fordi seterlivet vart brukt aktivt den gongen Norge trong å bygge opp ein eigen identitet som nasjon då vi endeleg vart eit sjølvstendig land. Det i seg sjølv er logisk og bra, men no 200 år seinare kan dette biletet bli ei avsporing. Folk var og er på setra fordi det er naudsynt. Gardane er små, men beiteressursane i fjellet er enorme. Den gongen var Norge langt meir sjølvforsynt enn i dag.  No som vi har tilgang på «all verdas» mat, er dei fleste einige om at det er eit framsteg. Samstundes gjer vi oss ekstra sårbare om vi har gjort oss avhengige av andre sine ressursar.

Verda har alltid vore i endring, det kjem gode tider, og det kjem dårlege tider. Når alt er vel, er det lett å gløyme å førebu seg på endringar. Som pandemiar, klimaendringar, krig med meir. Endringar som kan gje knappheit på mat og energi.

Norsk Seterkultur meiner det er på høg tid å evaluere dagens mat- og beredskapspolitikk, og korleis vi nytter areala vi har til rådevelde. Vi meiner beitedyra i mykje større grad må nytte utmarka for å «frigjere» innmarka til korn, potet,  grønsaker og vinterfôr.  

Landbruket er ei politisk næring med sinnrike verkemidlar som skal styre produksjon i høve til marknad. Kvar enkelt bonde legg opp drifta etter kva som til ein kvar tid gjev størst lønsemd.

Etter mange år med avvikling av utmarka, meiner vi at det er på høg til å ta tilbake utmarksressursane. Det skal løne seg å ha dyra lenge til fjells, og at dei går der lengst mogleg. I årets jordbruksoppgjør ber vi derfor om eit løft i grunntilskotet for stølsdrift frå 50000 til 70000, og at dei som driv seter ut over seks veker får eit tillegg på 20000.

Nokre fylker har eit eige tilskot til foredling/besøkssetrar. Dette har fleire stader bidrege til at nedlagde setre er tekne i bruk. Vi ber derfor også om eit nasjonalt foredlingstilskot på 20000. Dette kan stimulere brukarar med foredlingskvote i å ta i bruk setra og auke lokal verdiskapinga.

Les heile innspelet her

cross