Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Ingebjørg Håvardsrud og Håvardsrud Seterliv fekk Seterprisen 2022

29. mar 2022

Forslag til kandidater til seterprisen er ope, og i år kom de sju aktuelle kandidatar som alle var verdige ein seterpris. Utfordringa er ikkje å finne gode kandidatar, men å velje den beste.  Valet fall likevel naturleg på Ingebjørg Håvardsrud og Håvardsrud Seterliv.

Ingebjørg Håvardsrud får seterprisen av styreleder Siv Beate Eggen

 Innspelet kom frå hyttenaboar. Som dei skriv:

«Dette er en fantastisk seter, hvor vi som hyttenaboer får være med å hente kuer, lære oss å melke - smake på melka. Og alle dyrene som er på setra som vi får nærkontakt med. Seterkost på kafeen og vi kan kjøpe nykinna smør og deilig seterrømme. Fantastisk vertskap Ingebjørg Håvardsrud

Ut i frå omdømme frå hyttenaboane forstår vi at ho har ei særs god evne til å formidle stølskulturen.

Kriteria for å få seterprisen er ein at ein anten driv tradisjonell seterdrift, har mjølkeforedling på setra, utvikling av ny næringsverksemd tufta på seterdrifta, at ein forskar eller publiserer vitskapleg materiale av vitskapleg materiale og/eller formidlar seterkulturenIngebjørg fyller alle kriteria så nær som å forske og publisere vitskapleg materiale.

Ho var med å starte seternettverket Budeieveven i 2004 der ho også har vore leiar i mange år. Nettverket samarbeider og faglege tema og marknadsføring. Slike nettverk og fellesskap har også betyding for motivasjon og inspirasjon. I 2005 starta ho egne stølsdrift som ho har utvikla til å blir ein svært populær besøksstad for lokalsamfunn og hyttenaboar. Ho har etablert kafé og overnatting og bygd eit ysteriet der gjestene kan følgje prosessen gjennom ein glasvegg. I tillegg held ho eine yste- og kinnekurs. For verksemda har ho fått BU-prisen i Telemark i 2011.

Med alt sitt arbeide med seterdrifta er ho ein særs viktig formidlar av seterkulturen.  Norsk Seterkultur takkar Ingebjørg for det viktige arbeidet ho gjer for seterkulturen

cross