Også Agder får tilskot til seterdrift

Margretha Krug Aase frå Kvinesdal (bilete: Knut Ola Storbråten).

No er det tilskot til seterdrift i Agder fylke også. Som einaste fylke hadde ikkje Agder tilskot for setrar – statsforvaltaren meinte at det ikkje fanst ei einaste tilskots-verdig seter i heile fylket.

Denne saka vart mellom anna lufta på fagsamlinga og landsmøtet til Norsk seterkultur i Bø 26. og 27. mars i år. Der var ivrig seterbrukar Margaretha Krug Aase frå Kvinesdal til stades og fortalde om vanskane med å få setertilskot i heimfylket. Så byrja snøballen å rulla. Både Norsk bonde- og småbrukarlag ved Vilde Haarsaker, Norsk seterkultur ved nyvald styremedlem Kathrine Kinn og dagleg leiar Katharina Sparstad engasjerte seg i saka.

Etter ymse kontaktar att og fram mellom Norsk seterkultur, Småbrukarlaget, Landbruksdirektoratet og Statsforvaltaren i Agder, vart enden på visa at også Agder vil dela ut tilskot til seterdrift. Sjølv om det vart vedteke eit landsdekkjande setertilskot på minst 50 000 kroner i landsbruksoppgjeret i 2018, har ikkje Agder teke med dette i tilskots-programmet sitt. Grunnen var rett og slett at det ikkje var setrar att i fylket som kunne ha krav på tilskot.

Og for å gjera ei lang historie kort, så kom statsforvaltaren i Agder fram til at dersom det no likevel skulle finnast stønads-verdig seterdrift i fylket, så skulle setertilskotet koma på plass frå 2022. Såleis har Agder no tilskot på lik line med resten av landet.

Det vedtekne minstetilskotet i landet er på 50 000 kroner, men fylka kan velja å gje høgare tilskot. Såleis har Viken 95 000 kroner i tilskot og Vestland har 80 000. Både i Møre og Romsdal og Trøndelag er tilskotet høgare dersom ein foredlar mjølka på stølen. Kravet er elles at ein må produsera minst 45 liter kumjølk eller 25 liter geitemjølk om dagen.

Margaretha Krug Aase har dei siste tre åra tenkt på å ta opp att setring i heimfylket, men både Innovasjon Noreg og statsforvaltaren har sagt at ein kunne sjå bort frå setertilskot i Agder. Når det no kan ordna seg med tilskot likevel, ser Aase for seg at ho vil driva besøksseter i Kvinesdal om eit par års tid, og har hatt kontakt med kommunen om dette.

Margretha Krug Aase har mellom anna vore budeie på Gardsetra i Oppland.

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.