Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Ny rapport slår fast at fjellområda er sentrale for å nå bærekraftsmåla

26. okt 2022

Debattar kring tema berekraft og det grøne skiftet tek ofte utgangspunkt i urbane strøk, store omveltingar og spissa argument, men rommer sjeldan den rolla fleire aktørar i fjellområda allereie har eller kan ta framover. Forskningsinstituttet NIBIO har i ein fersk rapport, på oppdrag frå Fjellnettverket (eit politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylke), slått fast at rett bruk av fjellressursane kan ha ei sentral rolle i å nå berekraftsmåla

Frå Stordalen gardsbruk i Tinn (Foto: Emile Holba/Fjellnettverket)

Rapporten samanfattar eksisterande kunnskap om korleis reiselivsaktivitetar og matproduksjon, basert på lokale ressursar i fjellet, påverkar berekraft og klima.

Rapporten påpeiker potensialet i reiselivet for å auke verdiskapinga gjennom å bruke lokalproduserte produkt, men åtvarar mot ei utvikling der områda blir for mykje utbygd. Reiselivet har hatt ein stor vekst i fjellområda dei siste åra og rapporten drøftar korleis reiselivet kan utvikle seg framover saman med landbruket i fjellet. Mat og opplevingar basert på natur og kultur bidreg til heilårlege arbeidsplassar, styrkjer verdiskaping lokalt og har eit stort potensiale i framtida. Reisande er stadig meir bevisste på kva klimaavtrykk dei etterlet seg på ein destinasjon, og vil gjerne bidra til positiv sosial berekraft i lokalmiljøa, seier Kari Randen og legg til: rapporten drøftar viktige problemstillingar knytt til fjellområda, som i kor stor grad skal ein bygge hytter og kjem med innspel på korleis ein kan utvikle reiselivet i fjellområda vidare.  

Fleire sentrale funn i rapporten:

  • I ei internasjonal samanheng er fjellområda spesielt godt eigna til berekraftig kjøt- og mjølkeproduksjon basert på utmarksressursar, dette gjeld spesielt i fjellområde der ein også kan få ein klimagevinst av albedoeffekten.
  • Fjellandbruk kan bidra til auka sjølvforsyningsgrad og matryggleik utan at det går ut over miljøet.
  • Dagens forbrukarar er opptekne av at produkta dei kjøper ikkje skal ha negative konsekvensar korkje for deira eiga helse eller deira omgivnadar – det vere seg dyra, fisken, naturen, miljøet, bonden, fiskaren, produksjonsarbeidaren, lokalsamfunnet eller framtidas generasjonar.
  • Færre beitedyr og anna bruk av utmarka trugar det biologiske mangfaldet, færre gardar i drift har negativ effekt på over 500 truga artar.

Fjellnettverket inviterer også til webseminar

Inviterer til webinar

I ei ope webinar-rekkje vil NIBIO og Fjellnettverket presenterer funna i rapporten:

Torsdag 17/11 (kl. 09:00-10:30)

Fjellnettverket snakker om oppdraget og Sebastian Eiter snakker om oppdraget og rapporten

Fredag 25/11: (kl. 09:00-10:30)

Anders Bryn og Bjørn Egil Flø snakker om arealkonflikter og reiseliv.

Torsdag  1/12: (kl. 09:00-10:30)

Yngve Rekdal snakkar om beiteressursane i fjellkommunane  og Hanne Sickel snakkar meir om det som er omtala i rapporten inkl. om «produkter» av beiting.

Her kan du laste ned og lese heile rapporten:
«Mat og opplevingar i fjellet»
– Berekraftig bruk av lokale ressursar i landbruk og reiseliv

cross