Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Fire leirskular har fått tilskott til seteropplegg

19. des 2022

I november 2021 fekk Norsk seterkultur 2,355 millionar kroner i støtte frå Sparebanksstiftelsen DNB for å gjøre flere unge kjend med stølsdrift. Norsk seterkultur har innleia samarbeid med Norsk Leirskulesamband, og no har fire leirskular motteke tilskott til stølsopplegg. Brennabu leirskule har vore pilot for de andre leirskulane.

Smørsmaking på Brennabu leirskule. Foto: Stine Bækkelien, Avisa Valdres

Kvart år kjem tusenvis av born til leirskular i Norge. Dagane på leirskulane er fylte med uteaktivitetar med fysisk fostring og god læring. Leirskulane når veldig mange born, og for dei som ligg nær stølsområder er det naturleg å knyte aktivitetar til stølsdrift. Med støtta frå Sparebankstiftelsen hadde Norsk seterkultur høve til å lyse ut pengar for leirskular som ynskjer å tilby stølsaktivutetar. På førehand hadde Brennabu leirskule testa ut opplegg som andre leirskuler kan dra nytte av. Brennabu har mellom anna skaffa beitedyr, separator og kinner, og alle lærarane har delteke på stølskurs. Dei tre som no har fått støtte er Den Norske Fjellskolen, Fjellheimen leirskole og Langedrag leirskule. Støtta går til utstyr som separator, kinne, slåtteutstyr, støls- og ystekurs og pedagogiske opplegg.  

I sumar tilbaud Norsk seterkultur også stølskurs for unge under 35 år på Olestølen i Valdres, og no er det snart klart eit DKS opplegg som er utarbeida i samarbeid Anno museum og Valdresmusea AS.

Stølskurs på Olestølen i Valdres. Foto: Kathrin Aslagsby

Vi har også innleia samarbeid med Den Norske Smaksskulen til Norsk Kulturarv, der vi håper å kunne tilby smakskurs for unge på to stølar neste sumar. På denne måten får fleire unge høve til å bli kjend med stølslivet, og kan hende vil nokon av dei sjølv vere budeie ein gong i framtida.

cross