Herdalsetra
Fra Herdalsetra
Statssekretær Wenche Westberg

Seminar om framtida for seterdrift

24. mar 2023

Tirsdag 18. april arrangerer Valdresmusea, Lillehammer Museum, Randsfjordmusea konferansen "Ei framtid for setra" på Maihaugen på Lillehammer. Konferansen er en del av forskningsprosjektet "Et skigardsdele" der Norsk seterkultur er samarbeidspart og også medarrangør på denne samlinga.

Konferansen er en del av en konferanserekke, der den første, "Fjellets verdi" ble avholdt på Valdres Folkemuseum 12. mail 2022.

Tema for samlingen 18. april er indre motsetninger mellom landbrukspolitikk, matproduksjon, hyttebygging, reiselivsindustri og lave lønninger

Om konferansen:

Norsk matproduksjon står støtt i mange bygder og omdømet til norskprodusert mat er godt blant norske forbrukarar og importørar frå utlandet. Særleg akta er matprodukt med assosiasjonar til fjellet, slik som seterrømme, setersmør og fjellmandel. Men stordriftskulturen breier om seg og utfordrar dei som vil drive smått og nytte beita og setrene i fjellet. Kva slags verdi har mat produsert på setra og i fjellet?

Valdresmusea, Lillehammer Museum, Randsfjordmuseet og Norsk seterkultur inviterer til foredrag og debatt om verdien av setrene og beiteressursane i fjellet – og om lokalmatproduksjonen som vinn stadig nye terreng. Kva er utfordringane for dei som vil drive landbruk i fjellet? Kva står på spel – og for kven – når endringane i seterområda skyt fart? Korleis kan politikken – og haldningane i landbruket – bidra til å løfte fram mangfaldet av produksjonsformer?

Lenke til program og påmelding: Ei framtid for setra? - Valdresmusea

MÅLGRUPPE: Konferansa er ope for alle

PÅMELDINGSFRIST: 1. april

PRIS: Kr 800 (inkl. lunsj) 

DIGITALT: Arrangementet vil òg bli streama

cross