Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Nasjonalt seminar for tradisjonell lokking

30. mar 2023

Jørn Hilme-stemnet og Norsk Seterkultur inviterer til seminar i tradisjonell lokking 11. juli! Med seminaret ynskjer vi å auke kunnskapen om lokken som fenomen, som immateriell kulturarv og som del av ein kvardag. Det blir føredrag og kurs gjennom læring av ulike lokketradisjonar og lokketeknikkar. Seminaret er nasjonalt og for heile Noreg, og med eit sideblikk til nabolandet Sverige.

Lokken står i nært samband med seterkulturen. Det er her han høyrer heime. Men å lokke er ikkje lenger like sjølvsagt. Stadig fleire gardbrukarar vel bort seterdrifta. Det er eit tap med mange konsekvensar, ikkje minst for nettopp kulturarven. Med det høge tempoet i nedlegginga av seterkulturen er ein fleire hundre år gamal praksis og kulturtradisjon i ferd med å forsvinne.

Nasjonalt seminar for tradisjonell lokking skal vera ein møteplass for mange: for dei som arbeider i landbruket, dei med tilknyting til seterkulturen, men òg for alle dei med interesse for kulturarven: musikarar og byråkratar, museumstilsette og andre. Vi ynskjer å skape ein arena for dei med kunnskap og interesse for lokken, drøfte problemstillingar og finne løysingar for å sikre han for framtida.

Desse innleiarane kjem: Eli Storbekken, Karolina Westling, Jennie Tiderman-Österberg, Karin Kolterud, Inger Marie Vingdal, Elisabeth Kværne og Johanna Fuglesteg.

Program

PROGRAM

09.30–10.00 Kaffi og registrering

10.00–10.15 Velkomen og musikalsk innslag

10.15–10.45 Føredrag ved Eli Storbekken og Karolina Westling. Lokk som fenomen. Kva er lokking?

10.45–11.30 Føredrag ved Jennie Tiderman-Österberg. Lokk som relasjon og kommunikasjon. Korleis kommuniserer vi med dyra?

11.30–13.00 Kurs (for alle): Innføring i lokking ved Karin Kolterud

13.00–14.00 Lunsj og kaffi

14.00–16.00 Kurs: Rullerande undervising med Johanna Fuglesteg (Valdres), Eli Storbekken (Østerdalen) og Karolina Westling (Telemark)

16.00–16.30 Budeia og lokken. Knut Aastad Bråten i samtale med Inger Marie Vingdal, som har forska på budeielivet.

16.30–17.00 Føredrag 3 ved folkemusikkarkivar Elisabeth Kværne. Kva finn vi i folkemusikkarkiva av historiske lokkar, og kva seier dette oss om lokken som melodi og kunstnarleg uttrykksform?

17.00–17.30 Kaffi og refleksjon over lokken i dag: Karin Kolterud (på Tvengestølen)

17.30–18.00 Konsert ved Eli Storbekken, Johanna Fuglesteg, Karin Kolterud, Karolina Westling og Ole Kristian Nyhagen

Vel heim!

Last ned brosjyre her

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

FØREDRAGSHALDARAR

Eli Storbekken (f. 1953) har folkemusikalske røter i Østerdalen. Eli lærte som ung å lokke av budeier i området. Faren Egil arrangerte lur- og lokkestemne og var slik med på å ta vare på den immaterielle kulturarven. Eli er ein profilert folkesongar og har gjeve ut fleire plater. Særleg nemnast må «Rosekolla», med lokk, laling og seterviser frå heile landet. Eli underviser i vokal folkemusikk mellom anna på Ole Bull Akademiet på Voss.

Jennie Tiderman-Österberg (f. 1981) er songar, budeie og doktorand i musikkvitskap ved Musikhögskolan, Örebro Universitet. Ho skriv på ei doktoravhandling om stølsmusikk og relasjonen mellom menneske og dyr, og lokken som kommunikasjonsform. Jennie arbeider òg som musikk-etnolog på Dalarnas museum, der ho arbeider med stølskulturen og eldre folklore.

Karolina Westling (f. 1974) har 35 års fartstid som kvedar og felespelar. Ho har lært lokketeknikk og song av Maria Röjås og av Hanne Kjersti Yndestad. Karolina har sidan tidleg 2000-tal arbeidd med songtradisjonar i Vestfold. Ho arbeider elles med kyr og brukar lokken aktivt på stølen kvar sommar, og ho har halde fleire kurs i lokking.

Johanna Fuglesteg (f. 1956) kjem frå Skammestein i Øystre Slidre. Ho har frå tidleg alder vore i fjellet alle somrar, for det meste med kyr. Lokking har ho aldri lært, seier ho, men ho har høyrt mange lokke, og ho har lokka mykje. «Eg har gått mykje etter kyr og har vel på mange måtar bygd ut min eigen lokk, bygd på mange års røynsle som gardkjerring og stølsbudeie.» 

Karin Kolterud (f. 1970) er folkesongar, pedagog, artist og tradisjonsberar i lokketradisjonen i både Noreg og Sverige. Ho har familierøter i Etnedal i Valdres og bur til dagleg i Sverige. Karin brukar lokken som artist og kunstnar, i tillegg driv ho mykje med undervising. Ho brukar også lokken som metode for sjølvutvikling og velvære. Karin jobbar aktivt med å spreie teknikken og tradisjonen i Norden, men også til interesserte frå heile verda.

Inger Marie Vingdal (f. 1955) er frå Øystre Slidre og er oppvaksen med stølsliv og lokking. Ho er dosent i kroppsøving og forskar på budeia. Ho skriv no bok om det daglege budeielivet på stølar i Noreg frå 1850 til i dag. Her har lokking, lokkarrutinar og lokkarlag ein sentral plass.

Elisabeth Kværne (f. 1953) er arkivar ved Folkemusikkarkivet på Valdresmusea. Arkivet har opptak som dokumenterer mangfaldet i tradisjonane knytt til lokk og stølsmusikk. Elisabeth er langeleikspelar med lang erfaring som lærar i kulturskulen og omfattande kurs og konsertverksemd. Som mjølkeprodusent på eit brattlendt bruk i 40 år har ho praktisk erfaring med å lokke på dyra.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

PRAKTISK INFORMASJON

Deltakaravgift (inkl. lunsj og kaffi): ordinær 1000 kr / studentar og ungdom til 17 år: 800 kr
Påmelding: knut@hilme.no
Påmeldingsfrist: 1. juli

Overnatting:
Deltakarar må ordne overnatting sjølve. Det finst fleire overnattingar i og rundt Fagernes:
• Fagernes camping, Fagernes
• Nythun, Kruk
• Scandic Valdres/Fagernes
• Valdres Camping, Leira

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Nasjonalt seminar for tradisjonell lokking blir til med økonomisk støtte frå:
• Jørn Hilme-stemnet
• Nord-Aurdal kommune
• Norsk kulturfond
• Norsk Seterkultur
• Valdres Natur- og Kulturpark

Deltakarar på seminaret må ordne overnatting sjølve. Det finst fleire overnattingar i og rundt Fagernes. Sjekk www.hilme.no for oversikt.

Jørn Hilme-stemnet går av stabelen dagane 9.–16. juli på Fagernes i Valdres. For program og festivalpass, sjekk www.hilme.no

cross