Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Nasjonal stølskonferanse med presentasjon av unik bok om ystetradisjonar

28. feb 2013

bok GudheimNorsk seterkultur og Budeieveven i Telemark og Numedal arrangerer saman Fylkesmannen i Telemark ein nasjonal seterkonferanse i Bø 6. april. På konferansen presenterer forfattar Helge Gudheim ein unik dokumentasjon om ystetradisjonar i Valdres.

Boka «Kinning, bresting og YSTING I VALDRES sett i norsk og internasjonal samanheng» er på om lag 550 sider og er basert på intervju av eldre 35 budeier samt 200 informantar frå folkeminnesamlar Knut Hemundstad sitt materiale frå 1930-talet. Boka inneheld mellom anna ei ordliste med heile 3370 dialektord knytt til ost og ysting!

Valdrisen Helge Gudheim (f 1957) har brukt åtte år på å samle grunnlagsmaterialet og skrive denne boka. Gjennom 32 års journalistisk virke har han arbeidd mykje som tradisjons- og kulturformidlar, med særleg vekt på mat. Under ein studietur til franske ysteri i 2004 gjekk det opp for han at våre eigne ystetradisjonar er i ferd med å døy ut.

Frå 1950-talet tok mjølkebilane med seg mjølka frå stølane – og kunnskapen om ystinga. Meieria og samvirka overtok foredlinga. Dei siste 20 åra har me hatt ei renessanse for gardsytinga – samtidig som meieriindustrien sentraliserer si verksemd. Boka er skriven med «upasteuriserte  brille» – fordi mesteparten av tradisjonsystinga var av rå mjølk ved låge temperaturar. Dette står i stor kontrast til dagens «heilpasteuriserte», norske mjølkeindustri. Boka handlar i hovudsak om ystetradisjonane i Valdres, men grunnprinsippet for ysting er ganske lik rundt om i landet.

Mat blir oppeten, og munnlege tradisjonar døyr lett ut. Poenget med denne boka er å redde den immaterielle og handlingsborne kunnskapen om tradisjonsystinga over i skriftleg form, seier Helge Gudheim. Med denne boka får ystarane dermed tilgang til oppskriftene – medan den kulturhistorisk interesserte lesar får innblikk i ein viktig, men ofte gløymd del av vår nære historie; mjølkematen.

Gudheim presenterer også 184 norske osteprodusentar anno 2013, og omtale av 292 norske og internasjonale osteprodukt frå vår samtid. Vidare har han samanlikningar mellom norske og internasjonale ystetradisjonar med kritisk blikk på korleis landet vårt tek vare på ystetradisjonane sine.

Meld dykk på, dette blir skikkelig spanande, oppfordrar leier i Norsk seterkultur, Katharina Sparstad, som også minner om påmeldingsfristen 8. mars.

Sundag 7. april held Norsk seterkultur årsmøte.

Her kan du laste ned Pdf-fil med meir informasjon med heile konferanseprogrammet.

Brosjyre med info og praktiske opplysningar

cross