Eggensetra, Snåsa
Kløvvegmarsj og seterkafè
Frå ein kløvvegmarsj eit år tidlegare. Folk på vandring mot setra Røsta.
02.august 2025
10-17
Vinddøldalsvegen
95259360moenelin@hotmail.com
Se hele kalenderen
Aktivitet

Kløvvegmarsj og seterkafè

Oppmøte kl.10 frå Rabban i Vindøldalsvegen (litt forbi steinbruddet) etter den gamle kløvvegen til vi kjem til setra Røsta i Vindøldalen ca. kl.15.

Det er ingen påmelding eller deltakeravgift, kun bom på Holtamoan. Turen tek fire-fem timar med fleire pausar inkludert. Ta med niste og klede etter veret.

Kl.12 opnast salg av rømmegraut, spekemat»pinne», saft, kaffe og «bakels» på setra Røsta (Vinddøldalsvegen 432). Det blir nok også levande musikk. Så dit kan dei som ikkje kan eller ønskar å gå over fjellet kjøre heilt fram.

Dagen etter, søndag 3.august kl. 12 er det friluftsgudsteneste (i telt) på Røsta. Da blir det også salg av mat som dagen før.

Spørsmål kan stillast til Elin Moen Lysø 95259360.

Facebookside med bilder frå tidlegare år etc.: https://www.facebook.com/groups/270102623174979/

cross