Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarlag gjorde stas på vertskapet på den årlege staulsdagen ved å gje dei seterprisen for 2025. Arnhild og Sveinung Sudgarden fekk prisen for innsatsen dei har gjort gjennom 51 år på Øyvågsli ved Gjevarvatnet i Seljord.
Det var truleg nærare 300 frammøtte på staulsdagen denne gongen, og det er eit svært godt frammøte samanlikna med andre år. Gjestene kunne få med seg eit rikhaldig program, der Ingvill Garnås kvad og lokka, med Torgeir Straand på fele. Ingvill Garnås, som er ved kulturlandskapssenteret i Hjartdal, hadde også fleire innlegg der ho tok for seg stølsdrifta og bruken av utmarksbeite, og sa mellom anna at ein tredjepart av dei artane som er raudlista i dag kan knytast til beitemark. Publikum tok vel i mot programmet, trass i at regnet sette preg på dagen etter kvart.
Men det er trass alt stortingsval i år, og difor var det også duka for politisk debatt. Småbrukarlagsleiar Tor Jacob Solberg var møtt fram, og det var også landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen. Desse fekk kvar sine innlegg, og dessutan ein felles-seanse saman med Kathrine Kinn, tilsett i småbrukarlaget (og tidlegare styremedlem i Norsk seterkultur).
Småbrukarleiar Solberg tok som rimeleg kan vera opp den norske sjølvberginga, og meinte at ordskiftet i denne saka hadde flytta seg i åra som er gått sidan førre staulsdags-debatt i valåret for fire år sidan, det vil seia i småbrukarlaget sin retning. No må ein ikkje vera pessimistisk og vera nøgd med å unngå forverring, men ein må forbetra situasjonen for landbruket og for sjølvberginga, sa Solberg. Alliansar med miljørørsla og andre er ein del av dette arbeidet.
Landbruksminister Sandtrøen meinte at setringa er meir framtidsretta enn nokon gong, og viste til Unesco-statusen som seterkulturen er tildelt. Han lova å arbeida vidare for seterdrifta saman med faglaga i landbruket, og slo fast at det er hans politiske mål å få fleire til å ta opp att seterdrifta. Her viste han mellom anna til den nye ordninga som kom inn i jordbruksoppgjeret i vår, med inntil 500 000 i investeringsstøtte til opprusting av seteranlegg.
Sandtrøen var likevel ikkje alltid heilt på line med Småbrukarlaget då han stod på podiet saman med småbrukarleiar Tor Jacob Solberg og fekk ei rekkje meir konkrete politiske spørsmål av Kathrine Kinn. Til dømes ville han ikkje lova noko unntak frå det komande lausdriftkravet, heller ikkje for dei som driv seter.
På spørsmålet om metanhemmarar til mjølkekyr meinte Solberg at krav om dette kunne føra til stor motstand både hjå bønder og forbrukarar, og at meir beitebruk var ein framtidsretta måte å møta også klimautfordringane på. Her kunne ikkje Sandtrøen lova noko mindre satsing på metanhemmarar.
Det kom også opp eit spørsmål om det i framtida kunna koma argument mot seterdrifta ut frå tanken om at seterdrift kan føra med seg meir metanutslepp enn spesialisert fôring innandørs. Men statsråd Sandtrøen avviste eit slikt argument mot seterdrift. Han avrunda elles med at sjølv om han og småbrukarlaget kunne ha ulike meiningar i konkrete saker, så ynskte dei å dra i same retninga.
Staulsdagen vart på tradisjonelt vis avslutta med loddtrekning og premiar.