Eggensetra, Snåsa

Setersmør på Dyrsku'n

30. sep 2025

Seterdrift og seterprodukt fekk ekstra stor plass på Dyrskun i år. På den årlege landbruksmessa i Seljord vart det kåra noregsmeistrar i smør og rømme, det var eige seterkjøken med setersmør på menyen, ei eiga utstilling om setersmør og meir til.

Bakgrunnen for setersatsinga på Dyrskun var sjølvsagt den nyvunne Unesco-statusen til seterbruket. Det var i desember i fjor at den norske og svenske seterkulturen offisielt fekk plass på Unesco si liste over immateriell kulturarv.

Frå seter-standen på Dyrskun. Styreleiar Siv Beate Eggen og nestleiar Knut Ola Storbråten bak disken.

Norsk seterkultur hadde stand på Dyrskun saman med Norsk Gardsost, og her var det også ei eiga utstilling av setersmør. Her kunne publikum få smaka dei ulike smøra og dessutan røysta på favorittane sine. Ein kunne også få kjøpa fersk brødblings med setersmør, og dessutan sjølve smøret. Og for den som ville læra meir, var det også dagleg demonstrasjon av kinning.

Ein kunne kjøpa setersmør frå 15 ulike produsentar.

På Dyrskun var det også ein liten tjuvstart på årets NM i ost, for smør og rømme vart dømt og premiert i Seljord fyrste dyrskudagen 12. september. Det var i alt 29 produkt frå 20 produsentar. Det var flest av kumjølksprodukt, men også smør og rømme frå geite- og sauemjølk. Det var Braskerudsetra som gjorde det best i kategorien for smør, medan Hagvoll gård vann klassen for rømme.

Dyrskun har ein eigen hall for lokalmat, og her var det i år eit eige seterkjøken. Som rimeleg er var setersmør ein viktig ingrediens i dei ulike rettane.

Frå menyen på Seterkjøkenet på Dyrsku'n.

Attåt alt dette var det også foredrag over emnet «Setersmør – fjellets gull og kulinariske skatt» ved seterbrukar Sondre Aasan og matforskar Annechen Bahr Bugge. Dagleg leiar i Norsk seterkultur, Katharina Sparstad, hadde foredrag om Unesco-status og vegen vidare for seterbruket. Ho var også representert i panelet som debatterte seterlandskap og konfliktar med reiselivet på Bondens møteplass fredagen på Dyrskun.

Som om ikkje alt dette var nok, så var også Geitmyra matkultursenter aktive, og kinna og serverte smør frå basen sin på Dalane skule.

Dyrsku’n kårar kvart år det beste lokalmatproduktet, og vinnaren i år var ekte brun geitost (heilfeit) frå Stordalen gardsbruk frå Tinn, som er ein aktiv seterbrukar.

Det var mange som var med på å leggja til rette for seter-satsinga i Seljord i år. Som ei førebuing til Dyrskun var Norsk seterkultur med i ei arbeidsgruppe med matkoordinator på Dyrskun (Margit Nordstoga Aasan), Norsk Gardsost, Norges Bondelag, Food Lessons og kokk Christoffer Greiner Fallet.

Setersmør-programmet på Dyrsku'n 2025.
cross