Seterkurs på Inner Gammelsetra
05.juli 2026
Inner gammelsetra i Grøvudalen, Gjøra 6613
47684379post@innergammelsetra.no
Se hele kalenderen
Aktivitet

Seterkurs på Inner Gammelsetra

I år har vi to seterkurs, eit vekeskurs og eit kortkurs. Kortkurset varer i 3 dagar i veke 28 frå 5-9. Juli. Vekeskurset i veke 29 varer frå 12-18. Juli.
Om kurset
På kursa vil du få ei praktisk innføring i seterdrift med innslag av teori. Som kursdeltakar vil du få ta del i den daglege drifta på setra, med mjølking, separering og ysting på tradisjonelt vis.
På det lange kurset vil du lære teknikkar knyttet til produksjon av brunost, stjørost, saupost, gubb, smør og rømme. Stell av dyra, mjølking, separering av mjølk, vask, reinhald og deltagelse i andre daglege arbeidsoppgaver inngår også i opplegget. De får også ei innføring i lokal og nasjonal setertradisjon, samt bakgrunnen for seterdrift vår. Ein guida tur i dalen inngår også i opplegget.
Det korte kurset
På det korte kurset utgår tur i dalen, kinning og saupost og ein vil gå mindre i djubda i dei ulike tema sidan ein vil fokusere på det mest grunnleggjande.
Praktiske opplysninger
Kursdeltakarane innlosjerast på stabburet ved KNT si hytte 200 m frå seteranlegget, men alle måltid er på setra. Overnatting og mat er medrekna i kursavgifta, som på langkurs er 5200kr for ungdom/studentar og 6500 for øvrige. På kortkurs er kursavgifta 3600kr for ungdom/studentar og 5000kr for øvrige.
Kursavgift
I kursavgifta er også leige av stabburet inkludert og beløpet går direkte til KNT (100kr per natt).
Ungdom gjeld til og med fylte 19 år og student gjeld studentar med gyldig studentbevis. Kurset har ei nedre aldergrense på 14 år, og har ingen øvre aldersgrense. For dei under 14 år tilbyr vi konseptet "seteropphold".

Ta kontakt på mail post@innergammelsetra.no for meir informasjon og påmelding
cross