
Artikkel på NRK-Oppland
Les saka

Norsk seterkultur har no fått på plass ei prosjektleiar for arbeidet for ei inskripsjon av seterkulturen i UNESCO. Anne-Katrine Brun Norbye leiar no forprosjektet som skal knyte til seg samarbeidspartar og få fundamentet for det vidare arbeidet på plass.
Vi er svært nøgd med å ha Anne-Katrine på plass i forprosjektet. Ho er svært kvalifisert til arbeidet og har lang erfaring med prosjektarbeid, seier sekretær i Norsk seterkultur Katharina Sparstad.
(mer…)
Norsk seterkultur samla nyleg arbeidsgruppa for Unesco-søknaden til første møte på Beitostølen. Anne-Katrine Nordby er tilsett som prosjektleiar, og målet er at forprosjektet skal vera ferdig til 1.1.20. Prosjektet har fått støtte både frå Fylkesmannen i Innlandet og Øystre Slidre kommune. Eit viktig bidrag har også vore frå Valdres Natur- og Kulturpark i form av gratis arbeidstimar i prosjektleiing og oppfølging. I det vidare arbeidet blir det sjølvsagt viktig å sikre økonomien for det komande hovudprosjektet som ein håpar og trur skal munne ut i ein søknad til Unesco, underskreven av regjeringa ved kulturministeren.
(mer…)Når norske mjølkebøndar no må redusere mjølkekvotene, ber vi om at seterbrukarar skjermast. Seterdrifta er kraftig redusert dei seinare åra, og er svært sårbar for tiltak som kan svekke drifta. Når seterdrifta forvinn, mister vi ein mange hundre år (kankje tusen) gamal haustingskultur.

Norsk seterkultur er ein landsdekkande interesseorganisasjon som arbeider for å take vare på stølskulturen Noreg. Vi arrangerer mellom anna fagsamlingar, gir faglege og politiske innspel, deltek i utval og drifter ein nettbasert seterrettleiar. Organisasjonen har eksistert i 20 år, og vi ser med stor uro på det dramatiske fråfallet av stølsbrukarar. I 2018 var talet under 900, og stølskulturen er no definert som utrydningstruga (https://www.immateriellkulturarv.no/bidrag/setring-i-noreg/).
(mer…)
Påmeldingsfrist: 20. juli
Ny utgåve av Seterbrukaren er snart ute hjå medlemar og tingarar. Denne gongen 16 sider med bl.a. seterreportasjar, aktuelle synspunkt om situasjonen for seterdrifta, faglege innspel om nybygg og oppgradering av seteranlegg, informasjon om arbeidet for Unesco-status og glimt frå fagdag, 20-årsjubileum og årsmøte i Aurland.



Norsk seterkultur har fått kr 150 000,- frå Oppland fylkeskommune og kr 50 000,- frå Fylkesmannen i Innlandet til eit forprosjekt for å få seterkulturen innskriven på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Prosjektet legg opp til eit svensk-norsk samarbeid. Norsk seterkultur har dei siste par åra vore gjennom eit forstudium for å etablere prosjektet
(mer…)
Kjære osteprodusenter.
Hold av helgen 30. august – 01.september i år. Da blir det igjen en egen festival for ost på Beitostølen, 900 m.o.h.
Arrangementet samla rekordmange deltakarar. Fagdagen starta med samling og
omvising på Sogn Jord- og Hagebruksskule, der Aksel Hugo, Gunn Wester og
Even Hov tok seg av omvising og faglege foredrag. I tillegg fortalte Ida
Østvold, tidlegare elev ved skulen, om gards- og stølsdrifta si i Vang i
Valdres. Frå Aurland bar det til omvising i Undredal, på stølsysteriet og i
Eldhuset visingssenter nede ved fjorden.
- FRA PROSJEKT TIL ORGANISASJONNorsk seterkultur markerer 20-årsjubileum i år, men starta som prosjekt to år før. Litt historie om organisasjonen. PDF-fil