Herdalsetra
Fra Herdalsetra
Grøvuhelg 2024 - 50-årsjubileum for ungdommeleg seterdrift i Grøvudalen
27.juli 2024
Inner Gammelsetra i Grøvudalen
95236889eli.rye@icloud.com
Se hele kalenderen
Aktivitet

Grøvuhelg 2024 - 50-årsjubileum for ungdommeleg seterdrift i Grøvudalen

I år er det 50-årsjubileum for ungdommeleg seterdrift i Grøvudalen, og det vil vi feire! Det blir utvida program under årets Grøvuhelg den 26.-28. juli.

Fredag blir det årsmøte i Grøvudalslaget (ei støtteforening for dalen og setra, årsmøtet er opent for alle), samt mat og mimring for alle som har hatt noko med setra og dalen å gjere dei siste 50 åra.

Laurdag blir det guida tur i dalen, gratis konsert med Øystein Sandbukt og Lone Eines, boklansering av Tor Helge Gravem si nye bok om Grøvudalen, og kurs i polsdans frå Nordmøre med Silje Osnes og Rune Hanes. I kveldinga blir det som vanleg sal av rømmegraut rett frå ostegryta, samt bål, musikk og dans på setervollen inn i dei seine nattetimar. Sjå vedlagd invitasjon for fleire detaljar.

Vi retter ein spesiell invitasjon til alle som har hatt noko med setra og dalen å gjere dei siste 50 åra, og vonar så mange som muleg har tid og lyst til å ta turen til seters denne helga. Men merk at alt program er gratis og opent for alle, og at alle er hjarteleg velkomne. Dette arrangementet passar for både store og små!

cross