

Du lærer å lage kvit og brun ost av ku og geitemjølk. Kurset er laga for deg som skal planelgge koking av myse til brunost eller er interessert i å få grunnleggande kunnskap om brunostkoking. Men vi kastar ikkje det kvite ostestoffet, du får lære om å ta vare på ostemassen til eit produkt – og dermed også kvifor brunost ikkje kan kokast av kva som helst myse.
På kurset lagar vi både kvit og brun ost, du får lære innkoking av brimost – ja du leste rett, i Sogn heiter det brimost og ikkje brunost. Det brune gullet har fått ny merksemd dei siste åra, kanskje etter at brunosten frå Telemark fekk 2 plass under World Cheese Awards i Bergen i 2018.
På kurset lærer du innkokingsteknikken, får demonstrert den viktige røringa og nedkjølinga mot slutten av koketida. Teori og praksis hand i hand. Du får kunnskapen du treng for kunne lage eller planlegge produksjon av brunost/brimost for ditt ysteri.
Kurset er lagt opp som eit praktisk retta kurs i tillegg til teori undervegs. Vi yster kvit- og brunost av fersk gjeitemjølk, med fokus på Brimost frå Sogn. Denne osten har fått status som presidum av Slowfood. Kurset er eigna både for nybyrjarar og for deg som skal utvide til brunostkoking frå myse av ost du alt lagar.
Målet med kurset er å gi deltakarane ei forståing for produksjon av brunost, ulike typer brunost, råvarekunnskap og mattryggleik, utstyr og produksjonsprosess, emballasje, økonomi og sal.
Pris, kr. 1200,- per deltakar, overnatting og frukost kjem i tillegg.
Påmelding: paamelding.sjh@vlfk.no
Arrangør: Kompetansenettverk Lokalmat, Vestland Sjå meir: https://kompetansenettverklokalmat.no/kurs/koking-av-brunost/