Kurs: Stemmebruk i lokking
Aktivitet

Kurs: Stemmebruk i lokking

Tradisjonell lokking er ein fleire hundre år gamal praksis som no vert gløymd i ei tid der stølar vert lagt ned og dyra held i nærområdet rundt garden. Kunnskapen er framleis viktig, og derfor arrangerer no kurs der vi lærer å bruke stemmen for å kommunisere med husdyr - over avstand.

Kurshaldar er Anja Savic Røed. Ho har mykje erfaring i folkemusikk og kveding, og har hatt fleire kurs om lokking på Ole Bull akademiet tidlegare. Anja Savic Røed vil først formidle kunnskap og gi kursdeltakarane mogelegheit til å øve seg på lokking sjølv. Her kjem det og inn element av folkemusikk og det gjer kulokken så unik; samband mellom landbruk, historie og musikk!

Kurset inneheld ein time teori og to timar praktisk der deltakarane lærer å lokke. Lokking er tradisjonsbunde, men det improvisatoriske elementet gjer at lokken endrar karakter alt etter kven som lokkar, og kva slag dyr ein lokkar på. Du treng ingen erfaring for å delta på kurset, berre lyst til å lære meir om lokk. Kurset er for alle aldrar og kjønn. Det er inkludert kaffi og kaker i kurset.

I kurset skal deltakarane få kjenne på meistring ved å finne si indre stemme og lære seg å bruke stemma på ein vakker og imponerande måte.

Det vert to kurs laurdag den 9 mars.

Kurs 1; 11-14

Kurs 2; 15-18

Påmelding via melding til Magdalene tlf. nr 915 916 33
Pris: 200 kr

Hugs å melde om du blir med på kurs 1 eller 2

Max 10 deltakarar per kurs

Anja Savic Røeds heimeside: https://anjaraud-no.webnode.page/

Er arrangera av elevar frå SJH

Mange takk til Norsk Seterkultur og Sogn Sparebank for støtte til arrangementet!

Finn eventet på facebook for oppdateringer

cross