

Foredragshaldar: Kristoffer Dahle, arkeolog i Kulturavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune Sted: Fysisk (Fylkeshuset i Molde – møterom 103) Digitalt - Teams – Påmelding her: Microsoft Virtual Events Powered by Teams Kristoffer Dahle har skrive doktorgrad om tidleg seterdrift i Møre og Romsdal. I fleire år har han reist rundt i fylket for å undersøkje korleis seterbruket har utvikla seg frå jarnalderen og gjennom mellomalderen. I forskinga si har han samanlikna lokale funn med materiale frå andre delar av Skandinavia og frå øyane i Vesthavet. Han har også vurdert metodebruk og korleis kulturminne blir forvalta. Eit av dei mest interessante funna er at seterdrift i fylket kan ha starta for over 1000 år sidan. Dette er langt tidlegare enn ein før har trudd. For å finne ut dette har han brukt metodar som DNA-analyse, pollenanalysar, insektsstudiar og jordkjemi, og slik kartlagt utviklinga av seterdrifta gjennom tidene. |
Sofie Søvik
Arkitekt
Kulturavdelinga - Kulturmiljø og friluftsliv
Møre og Romsdal fylkeskommune