

Velkomen til Seterdagen 2026 på Nordistugu Belle seter i Dalsida Statsallmenning.
På Nordistugu Belle Seter kan du oppleve ei seter i drift og få nærkontakt med dyra.
Du møter både kyr, kalver, gris, kaniner, høner, katt og lama.
Minikonsert kl 13 med unge felespelare.
I kokhuset koker vi gubb og etterkvert vil det bli moglegheit for ein smak frå gryta.
Barneaktivitar på setervollen.
Sal av seterkost, kaffe/te/saft og biteti. Vi tek kort og kontantar. (ikkje vipps)
Sal av seterprodukter. Vi sel kjuke, skjørost, gubb, yoghurt, smør og rømme.
Velkome til seters.