Herdalsetra
Fra Herdalsetra
Seterkurs 2024
Foto: Inner Gammelsetra i Grøvudalen
14.juli 2024
14. juli kl 2000 - 20. juli kl 11
Røymoen 75, Gjøra, Norway, 6613
47684379post@innergammelsetra.no
Se hele kalenderen
Aktivitet

Seterkurs 2024

I år har Inner Gammelsetra to seterkurs, eit vekeskurs og eit kortkurs. Kortkurset varer i 3 dagar i veke 28 frå 7. til 11. Juli. Vekeskurset i veke 29 varer frå 14. til 20. Juli.
På kursa vil du få ei praktisk innføring i seterdrift med innslag av teori. Som kursdeltakar vil du få ta del i den daglege drifta på setra, med mjølking, separering og ysting på tradisjonelt vis.
På det lange kurset vil du lære teknikkar knyttet til produksjon av brunost, stjørost, saupost, gubb, smør og rømme. Stell av dyra, mjølking, separering av mjølk, vask, reinhald og deltagelse i andre daglege arbeidsoppgaver inngår også i opplegget. De får også ei innføring i lokal og nasjonal setertradisjon, samt bakgrunnen for seterdrift vår.
Ein guida tur i dalen inngår også i opplegget.
På det korte kurset utgår tur i dalen, kinning og saupost og ein vil gå mindre i djubda i dei ulike tema sidan ein vil fokusere på det mest grunnleggjande.
Kursdeltakarane innlosjerast på stabburet ved KNT si hytte 200 m frå seteranlegget, men alle måltid er på setra. Overnatting og mat er medrekna i kursavgifta, som er 4600/3200 kr for studentar og 5900/4600 kr for øvrige. Kurset har ei nedre aldergrense på 14 år, og har
ingen øvre aldersgrense. For dei under 14 år tilbyr vi konseptet "seteropphold".
Ta kontakt på mail post@innergammelsetra.no for mer informasjon og påmelding

Se også https://www.facebook.com/events/2011796122538069/?ref=newsfeed&locale=nb_NO
cross