Arrangementet samla rekordmange deltakarar. Fagdagen starta med samling og
omvising på Sogn Jord- og Hagebruksskule, der Aksel Hugo, Gunn Wester og
Even Hov tok seg av omvising og faglege foredrag. I tillegg fortalte Ida
Østvold, tidlegare elev ved skulen, om gards- og stølsdrifta si i Vang i
Valdres. Frå Aurland bar det til omvising i Undredal, på stølsysteriet og i
Eldhuset visingssenter nede ved fjorden.
- FRA PROSJEKT TIL ORGANISASJONNorsk seterkultur markerer 20-årsjubileum i år, men starta som prosjekt to år før. Litt historie om organisasjonen. PDF-fil
Organisasjonen Alliansen ny landbrukspolitikk har lansert ei seterpolitisk melding. Arbeidet starta på Økoveka i Oslo 2018 då Norsk seterkultur var med på eit oppstarts-seminar. Meldinga er no klar og kan lastas ned frå link lenger nede på sida.
![](http://www.seterkultur.no/wp-content/uploads/DSC_1326.jpg)
![](http://www.seterkultur.no/wp-content/uploads/Gr01.png)
TA IMOT FLOTTE UNGDOMMER SOM VIL LÆRE OM BÆREKRAFTIG JORDBRUK!
(mer…)![](http://www.seterkultur.no/wp-content/uploads/seterprisen.jpg)
Seterprisen 2019 vart laurdag 6. april tildelt Undredal Stølsysteri i Aurland. Miljøet i Undredal, som står bak stølsysteriet, har vore pionerar i den ”osterevolusjonen” vi har opplevd dei seinare åra. Med utgangspunkt i ubroten stølstradisjon med foredeling av geitemjølka i bygda har dei skapt prisløna produkt, gjeve ny kveik i bygda og vore ein viktig inspirator for stølsbrukarar og mange andre rundt om i landet. Det var og miljøet i Undredal som dro i gang arbeidet som førte til skipinga av Norsk Gardsost, og som sto i spissen for organisasjonen sitt arbeid i mange år.
Seterprisen 2019 vart delt ut under Norsk seterkultur sitt 20-årsjubileum som var lagt til Aurland. Juryen for Seterprisen er Hans Bondal, Norsk seterkultur, Solveig Linge Stakkestad, Norges Bygdekvinnelag og Nils Asle Dolmseth, Tine.
![](http://www.seterkultur.no/wp-content/uploads/seivbeateeggen.jpg)
Siv Beate Eggen frå Snåsa vart valt til ny leiar i Norsk seterkultur under årsmøtet i Flåm 7. april. Ho overtek etter Hans Bondal, som sa frå seg attval etter fem år. Med seg i styret får Siv Beate: Knut Ola B. Storbråten, Nord-Odal, Per Sæther, Gjemnes, Nils Sigurd Drabløs Sykkylven og Marit Skjelstad (Tine). Varamedlemar: Bjørn Karsten Ulberg, Sigdal, Bjørg Engene, Hemsedal og Gro Arneng, Vestre Slidre.