Eggensetra, Snåsa

Seterdrift og seterprodukt fekk ekstra stor plass på Dyrskun i år. På den årlege landbruksmessa i Seljord vart det kåra noregsmeistrar i smør og rømme, det var eige seterkjøken med setersmør på menyen, ei eiga utstilling om setersmør og meir til.

Bakgrunnen for setersatsinga på Dyrskun var sjølvsagt den nyvunne Unesco-statusen til seterbruket. Det var i desember i fjor at den norske og svenske seterkulturen offisielt fekk plass på Unesco si liste over immateriell kulturarv.

Frå seter-standen på Dyrskun. Styreleiar Siv Beate Eggen og nestleiar Knut Ola Storbråten bak disken.

Norsk seterkultur hadde stand på Dyrskun saman med Norsk Gardsost, og her var det også ei eiga utstilling av setersmør. Her kunne publikum få smaka dei ulike smøra og dessutan røysta på favorittane sine. Ein kunne også få kjøpa fersk brødblings med setersmør, og dessutan sjølve smøret. Og for den som ville læra meir, var det også dagleg demonstrasjon av kinning.

Ein kunne kjøpa setersmør frå 15 ulike produsentar.

På Dyrskun var det også ein liten tjuvstart på årets NM i ost, for smør og rømme vart dømt og premiert i Seljord fyrste dyrskudagen 12. september. Det var i alt 29 produkt frå 20 produsentar. Det var flest av kumjølksprodukt, men også smør og rømme frå geite- og sauemjølk. Det var Braskerudsetra som gjorde det best i kategorien for smør, medan Hagvoll gård vann klassen for rømme.

Dyrskun har ein eigen hall for lokalmat, og her var det i år eit eige seterkjøken. Som rimeleg er var setersmør ein viktig ingrediens i dei ulike rettane.

Frå menyen på Seterkjøkenet på Dyrsku'n.

Attåt alt dette var det også foredrag over emnet «Setersmør – fjellets gull og kulinariske skatt» ved seterbrukar Sondre Aasan og matforskar Annechen Bahr Bugge. Dagleg leiar i Norsk seterkultur, Katharina Sparstad, hadde foredrag om Unesco-status og vegen vidare for seterbruket. Ho var også representert i panelet som debatterte seterlandskap og konfliktar med reiselivet på Bondens møteplass fredagen på Dyrskun.

Som om ikkje alt dette var nok, så var også Geitmyra matkultursenter aktive, og kinna og serverte smør frå basen sin på Dalane skule.

Dyrsku’n kårar kvart år det beste lokalmatproduktet, og vinnaren i år var ekte brun geitost (heilfeit) frå Stordalen gardsbruk frå Tinn, som er ein aktiv seterbrukar.

Det var mange som var med på å leggja til rette for seter-satsinga i Seljord i år. Som ei førebuing til Dyrskun var Norsk seterkultur med i ei arbeidsgruppe med matkoordinator på Dyrskun (Margit Nordstoga Aasan), Norsk Gardsost, Norges Bondelag, Food Lessons og kokk Christoffer Greiner Fallet.

Setersmør-programmet på Dyrsku'n 2025.

Norsk seterkultur har fått pengar frå Sparebankstiftelsen DNB for å gjera born og unge kjende med seterkulturen.

Organisasjonen søkte tilskot til arbeid over tre år, der hovudmålet er å gje unge kunnskap om seterdrift, om kvalitetane ved setermjølk, berekraftig matproduksjon i utmark, dyrevelferd og kulturtradisjonar knytte til seterlivet, med meir. Den tildelte summen er 2 130 000 kroner, og prosjektet går i tre år fram til 31. mai 2028.

For 2025 vil ein leggja mykje vekt på innskrivinga av seterkulturen på Unesco-lista, gjennom seter-markeringar ulike stader i landet. Døme på dette er Unesco-markering på Skålbergsætra i samarbeid med Odalstunet, markering på Dyrsku’n med vekt på setersmør og Unesco, og konsert og lokking på Skjerdalsetra i Aurland.

Det er vidare planlagt stølskurs for born og unge i Valdres og samarbeid med Grønt Spa’tak.

Det var også søkt om midlar til å få laga eit digitalt spel, men det fekk ikkje støtte frå sparebankstiftinga.

Utlysing av midlar

Norsk seterkultur har no lyst ut midlar til støtte for seter-arrangement, med siktemål om at flest mogeleg born og unge skal få oppleva og læra om livet på setra. Det går an å få inntil 10 000 kroner til tilskipingar som vil dela kunnskap om seterkulturen, og der born og unge er hovudmålgruppa.

Ein kan også søkja om støtte til å ha ein praktikant til opplæring på setra, inntil 5000 kroner.

Meir informasjon og søknadsskjema finn du på nettsida seterkultur.no.

No er meldinga komen om at den tradisjonelle seterkulturen er innstilt til å hamna på Unesco si liste for immateriell kulturarv. Saka om seterkulturen vert handsama tidleg på sakslista, og vi reknar med at den formelle innskrivinga truleg vil skje 4. desember.

Det norske seter-miljøet, gjennom Norsk seterkultur, saman med den tilsvarande svenske organisasjonen, har arbeidd i fleire år med ei nominering om innskriving på Unesco-lista. Arbeidet har omfatta felles seminar, workshop, diskusjonar, spørjeundesøkingar, studieturar og dokumentasjonsarbeid. Nominasjons-papira vart levert av den svenske regjeringa i mars 2023.

Unesco-komiteen nemner i vurderinga si mange sider ved tradisjonell seterdrift som forsvarer innskriving på lista over immateriell kulturarv. Komiteen rosar også søkjarne for ein godt gjennomarbeidd søknad, og for at seterbrukarne og andre aktuelle miljø er trekte med i arbeidet med søknaden. Elles legg komiteen vekt på at seterbruket er viktig som kjelde for lokalt produsert mat, at det står for overføring av kunnskap og tradisjonar både innanfor familiane og for nye interesserte, og at seterdrifta fremjar helse og velvære både for seterbrukarane sjølve og gjester på setra.

Seterorganisasjonane i Noreg og Sverige skal møtast i Oslo under den formelle markeringa 6. desember, men sjølve Unesco-møtet går føre seg i Paraguay i Sør-Amerika. Vona er at ein slik heider frå Unesco skal vera med på å heva statusen til seterdrifta og hjelpa til med å vidareføra denne tradisjonen inn i ei ny tid.

Les mer om UNESCO arbeidet her

cross