Herdalsetra
Fra Herdalsetra
Siv Beate Eggen tok attval som leiar i Norsk seterkultur

På årsmøtet i Norsk Seterkultur 16. februar vart Siv Beate Eggen frå Snåsa attvald som leiar i Norsk Seterkultur. Ho vart vald som leiar i 2019 etter Hans Bondal. Siv

Styremedlem Nils Sigurd Drabløs tok ikkje attval, og ny i styret er Ove Sørestrand frå Lavik. Han har lang erfaring frå Norsk Landbruksrådgjeving Vest SA.

Av vara gjekk Bjørn Karsten Ulberg og Bjørg Engene ut av styret, og inn i deira stad gjekk Kjetil Larsgård (Hol) og Inga Iversen Aasen (Vingelen).
Heile styret med kontaktinformasjon kan finne her  

Fylkeskultursjef Randi Langøigjelten opna fagsamlinga

Om lag 55 personar var samla helga 15. og 16. februar for å lære og dele kunnskap om seterkulturen. Dei årlege fagsamlingane til Norsk seterkultur har etter kvart vorte den viktigaste arena for seterbrukarar. På denne samlinga var arbeidet med ei listeføring av seterkulturen på UNESCO si liste for immateriell kulturarv var ein raud tråd gjennom begge dagane. På fagsamlinga var det også tid til ein omvising på Maihaugen.

Samlinga vart opna av Fylkeskultursjef Randi Langøygjelten. Ho har sjølv vakse opp med seterdrift i Østerdalen, og minte oss om at UNESCO arbeidet også ligg inne i planstrategiar for Innlandet.

(mer…)

Ildsjelene Tor og Astrid Gravem mottok under fag samling på Lillehammer i helgen seterprisen for sitt arbeid for Inner Gammelsetra Grøvudalen. I juryens begrunnelse var blant annet arbeidet med for kunnskapsformidling og kurs for unge.

(mer…)
cross