Kathrine Kinn nytt styremedlem i Norsk Seterkultur

Styre i Norsk seterkultur i 2022/23. Frå venstre Kari Sofie Aasmyhr Østen (TINE), Knut Ola Storbråten, Kathrine Kinn (ny), Siv Beate Eggen (leiar) og Inga Iversen Aasen

Kathrine Kinn frå Flattal i Telemark tek over plassen til Ove Søresand frå Lavik, Høyanger. Kathrine er bonde og seterbrukar og har markert seg i Alliansen for ny landbrukspolitikk med initiativet til å utarbeide Seterpolitisk melding. I tillegg til at ho er utdanna sosiolog har ho erfaring som organisatorisk nestleiar i Norsk Bonde og Småbruklarlag. Siv Beate Eggen tok attval som styreleiar for eit år.

Av varamedlemmane gekk Irene Aarbakk frå Telemark gekk ut, medan Ola Huso frå Hemsedal gekk inn 1. vara

Lagt inn i Nyheiter | Legg att eit innspel

Årsmøtesaker 2022

Her kan du finne saksliste, sakspapirer, årsmelding og saker årsmøtet samla

Dersom du vil følgje årsmøtet den 27. mars kan du følgje møtet via TEAMS. Klikk her for å delta i møtet den 27. mars kl 0900

NB! Stemmer via TEAMS vert ikkje teld

Lagt inn i Nyheiter | Legg att eit innspel

Arbeidet for meir setring er ikkje nostalgisk vrangførestilling, men ei framtidsretta realitetsorientering

I desse dagane er Norsk Seterkultur og andre interesseorganisasjonar invitert inn til faglaga for å høyre ulike innspel til jordbruksforhandlingane. Meldinga frå Norsk Seterkultur er klar: Buskapen skal til fjells og nytte ressursane i utmark. På den vesle innmarka vi har i Norge må vi dyrke menneskemat og vinterfôr.

Foto: Bolette Bele, NIBIO

Som overskrifta antyder får seterdrift rett som det er merkelappen «romantikk» og «nostalgi», ikkje «fullverdig» landbruk. Kanskje fordi seterlivet vart brukt aktivt den gongen Norge trong å bygge opp ein eigen identitet som nasjon då vi endeleg vart eit sjølvstendig land. Det i seg sjølv er logisk og bra, men no 200 år seinare kan dette biletet bli ei avsporing. Folk var og er på setra fordi det er naudsynt. Gardane er små, men beiteressursane i fjellet er enorme. Den gongen var Norge langt meir sjølvforsynt enn i dag.  No som vi har tilgang på «all verdas» mat, er dei fleste einige om at det er eit framsteg. Samstundes gjer vi oss ekstra sårbare om vi har gjort oss avhengige av andre sine ressursar.

Verda har alltid vore i endring, det kjem gode tider, og det kjem dårlege tider. Når alt er vel, er det lett å gløyme å førebu seg på endringar. Som pandemiar, klimaendringar, krig med meir. Endringar som kan gje knappheit på mat og energi.

Norsk Seterkultur meiner det er på høg tid å evaluere dagens mat- og beredskapspolitikk, og korleis vi nytter areala vi har til rådevelde. Vi meiner beitedyra i mykje større grad må nytte utmarka for å «frigjere» innmarka til korn, potet,  grønsaker og vinterfôr.  

Landbruket er ei politisk næring med sinnrike verkemidlar som skal styre produksjon i høve til marknad. Kvar enkelt bonde legg opp drifta etter kva som til ein kvar tid gjev størst lønsemd.

Etter mange år med avvikling av utmarka, meiner vi at det er på høg til å ta tilbake utmarksressursane. Det skal løne seg å ha dyra lenge til fjells, og at dei går der lengst mogleg. I årets jordbruksoppgjør ber vi derfor om eit løft i grunntilskotet for stølsdrift frå 50000 til 70000, og at dei som driv seter ut over seks veker får eit tillegg på 20000.

Nokre fylker har eit eige tilskot til foredling/besøkssetrar. Dette har fleire stader bidrege til at nedlagde setre er tekne i bruk. Vi ber derfor også om eit nasjonalt foredlingstilskot på 20000. Dette kan stimulere brukarar med foredlingskvote i å ta i bruk setra og auke lokal verdiskapinga.

Les heile innspelet her

Lagt inn i Nyheiter | Legg att eit innspel

Skjema for påmelding til fagsamling og årsmøtet er klart

Nå er skjema for påmelding til fagsamlinga klart. Klikk deg inn her for å melde deg på. Påmeldingsfrist 25. februar

Foto: Ida Østvold

Program finner du her

Lagt inn i Nyheiter | Legg att eit innspel

Kandidater til seterprisen 2022

Frå prisutdelinga i 2020
Frå prisutdelinga i 2020

Seterbrukeren har en spesielt viktig oppgave i å ta vare på seterkulturen, tradisjoner, kulturlandskap og kunnskap. Derfor har Norsk Seterkultur gjeninnført seterprisen som ble etablert av Norges Vel i 2001. Prisen henger høyt, og det er mange svært kvalifiserte kandidater. Overrekkelsen 2022 skjer 26. mars i Bø i Telemark i forbindelse med den årlige fagsamlinga til Norsk Seterkultur.

Seterprisen skal deles ut årlig til en eller flere personer som har gjort en ekstraordinær innsats for seterdrifta i Norge. Formålet med prisen er at den skal være en påskjønning til ildsjeler som har gjort en stor innsats for å sette seterdriften i fokus. Noen av kriteriene er at innsatsen kan være innenfor tradisjonell drift, foredling på setra, seterbasert næringsutvikling, forskning og publisering av vitenskapelig materiale eller formidling av stølskultur. Fagjuryen er satt sammen av en representant fra TINE, Norsk bygdekvinnelag og Norsks Seterkultur.

Det er mange seterbrukere som fortjener en slik pris, sier styreleder i Norsk Seterkultur, Siv Beate Eggen og oppfordrer alle til å fremme forslag til kandidat. Mange av hatt gleden av å oppleve prisverdige seterbrukere som bidrar med gode opplevelser, kunnskap og kvalitetsmat.  Dette er en viktig del av landbrukskulturen som vi nå vil gi litt ekstra oppmerksomhet.

Fra 2001-2006 utdelte Norges Vel seterprisen. De som har fått denne tidligere er

2001: Christian Saxlund

2002: Åshild Dale og Jostein Sande

2003: Odveig og Inge Eggen

2004: Midtre Gauldal kommune

2005: Pascal Baudonel

2006: Kari Nedremyr

2017: Hans Brimi

2018: Budeienettverket i Hallingdal

2019: Undredal stølsysteri

2020: Inner Gammelsetra Grøvudalen

I 2021 ble utdelingen dessverre avlyst pga av nedstenging

Har du forslag til kandidat send innspill til seter@seterkultur.no innen 1. mars

Vil vite mer om seterprisen og/eller fagsamlinga, sjekk ut seterkultur.no eller kontakt oss på ks@valdres,no eller tlf 99009584

Lagt inn i Nyheiter | Legg att eit innspel